6,304
10
0
Lekk veranda, over entré til nabo.
4
Ålesund
0
Hei.
Eg er nyregistrert medlem i byggebolig.no, så eg er open for kommentarer på korleis eg presenterer min situasjon, om det er ting som er uklart.
I korte trekk:
- Verandaen er 4-5kvm og overbygd ein entré og soverom til nabo. Det har blitt brukt undertakspapp, som etter slitasje tydelegvis har blitt lappa ukritisk saman, særleg den raude lappen.
- Utan at det kjem så veldig godt fram på bilda, er det null fall ut mot kanten. Vatn blir liggjande, og nabo har no vannskader i taket på entré og soverom.
- Eit firma har sagt seg villig til å tekke verandagulvet på nytt dersom eg fjerner det litt tvilsomt påmonterte gelenderet. Dette vil ikkje hjelpe meg ift. fallet.
- På eine bildet ser ein godt at det er kun 2-3cm å gå på før ein treffer døra.
- For naboen sin del er det viktig å få det tett så raskt som mogleg, men er det godt nok dersom ein ikkje har eit fall?
Så mitt ydmyke spørsmål til De som har greie på det, kva ville de ha undersøkt/gjort?
Tusen takk for alle kommentarer.

Sidan det er eit lappeteppe, så vil vel det beste vere å tekke over heile.
Pappen ligger rundt stolpene, så der ligger det sikkert fukt.
Ser føre meg å måtte rive vekk rekka som du ronnlo sei, samt nokre kledningsbord, fått firmaet eg har snakka med kome og tekke ny papp el.l. kva dei finner best å bruke, og så feste ny rekke med feste i veggen utanfor på eit vis, så stolpane ikkje står ned i tekket.
Har ein presenning eg kan dekke til med, men tenkte å få vekk rekka først. Kan hende eg burde få det gjort raskt, ja.
Det som står igjen som eit spørsmål for meg, er om det er noko måte å få eit fall. Den er knappe 2 cm el.n.s., dørstokken, så med 1.4m ut til kanten, så kan kanskje eit 1/100fall lat seg gjere? Ser at pappen har gjeve etter for vassmengde, og at det har danna seg groper som vatnet blir liggjande i... Anar ikkje korleis det ser ut under.
ronnlo, du seier "det hadde jo ikke gjort noe med fall". Er det mogleg å ha ein tett veranda utan? Er taktekket så tett, eller vil det krype opp etter veggen, sjølv med 15 cm oppkant (snøsmelt som går inn mot veggen framfor ut i renna.)
Viss du tek opp golvplatene, er det enkelt å lage til eit fall ved å fore på bjelkelaget.
Så vidt eg hugsar, er den pappen du har godkjend viss han har fall på 2 el 3 grader, står på emballasjen. Problemet er ikkje pappen viss han blir sveisa, men gjennomføringar og evt sveis som er gått lekk.
Status per no er at eg har fjerna gelender og eit par veggbord, og ventar i spaning på å få firmaet til å legge ny papp og tekke der det trengs.
Det blir truleg ikkje noko fall, med andre ord, men tett vil det jo bli. Ein relativt liten brukt veranda, og sidan det hastar litt å få det gjort for naboen sin del, så vel eg denne gong å gjere det som vonaleg er nok.
Takk
MVH
Sakke