1,426    0    0  

Hjelp! Skal støype under vannn..

 9     Bergen     0
Er i gang med å lage ny kaifront på eksisterande kai, med røyr frå oppdrett som skal fyllast med betong. Så er spørsmålet: Korleis spritar eg opp sekkane mine med ferdigblanda b25 og b30 betong til å bli b45? Har ekstra sement i sekk. Det er fjære klokka 1737 i dag, og er på aude øy utan andre hjelpemiddel enn telefon...

Til andre som har liknande prosjekt kan eg dele eit par erfaringar: Eg brukar glassfiberarmering og Under vann frå Heidi som tilsetting. Hol til jern er bora med bensinmaskin med langt bor på fjære sjø. Så den dyrkjøpte erfaringa: Stålet festar seg IKKJE i holet berre ved at du fyllar røyret med betong. Eg har gått over til epoksy, og det ser ut til å virke bra. Forskalinga er sjølve røyret, tetta med skummgummi nede. Ikkje veldig lett å få bra til, med det går. Betongen blir ført ned med eit røyr inni røyret, slik at berre øvste delen blir vaska ut.